|
||
|
Garden Knutsvik ligg på Jøsneset i Hjelmeland kommune. Hjelmeland er ein av kommunane i reiselivsregionen Ryfylke på vestkysten av Norge. Kart finn du til høgre på denne sida. Knutsvik var tidlegare garden til sorenskrivaren i Ryfylke - og sorenskrivar og kanselliråd Georg Daniel Barth styrte det meste som skjedde i Ryfylke frå Knutsvik på slutten av 1700-talet. Han var også ein pioner innan fruktdyrking, og fruktdyrking er framleis hovudnæring på Knutsvik med dyrking av eple, pærer og plommer. Klikk for meir informasjon om feriehusa.
|
|
|
||
|